Vedtekter for Trollkjelen Fotoklubb, stiftet 25. Mars 2009

Vedtatt på medlemsmøte den 23. september 2009.

Revidert på årsmøte den 28. februar 2014.

§1 Namn

Klubben sitt namn er Trollkjelen Fotoklubb.

§2 Føremål

Klubben sitt føremål er å fremja interessa for fotografi i eit aktivt og sosialt miljø for fotoentusiastar i Vaksdal og omkrinsen.

§3 Medlemskap

Klubben er open for alle fotointeresserte. Alle medlemmar har same rettar og plikter

Det skal førast register over medlemmane.

Medlemskap i klubben er fyrst gyldig og reknast frå den dag fyrste kontingent er betalt. Nye medlemmar melder seg inn skriftleg via klubben si kontaktadresse.

All offisiell kommunikasjon innan klubben føregår via e-post, og alle medlemmar må syte for tilgang til oppdatert e-postadresse.

Klubben sine lokaler og utstyr kan disponeras av medlemmar etter nærare reglar fastsett av styret.

Utmelding skal skje skriftleg til klubben si kontaktadresse. Medlem som står med ubetalt kontingent etter andre purring, vert stroken som medlem.

Årsmøtet kan utelukka medlem som ved sin opptreden skada klubben eller dens anseelse.

§4 Kontingent

Klubbåret føl kalenderåret. Kontingent vert fastsett av årsmøtet og betalast i to terminar innan 20. januar og 20. august.

Ved innmelding før 1. mai betalast full vårkontingent, før 1. november betalast full haustkontingent.

Klubbkontingent vert ikkje refundert ved utmelding.

§5 Årsmøte

Årsmøtet er klubbens øvste myndigheit.

Eit lovleg innkalla årsmøte er beslutningsdyktig uavhengig av antal frammøtte medlemmar. Kvart medlem har ei stemme.

Ingen kan møta eller avgje stemme ved fullmakt.

Saker som ikkje er nemnt i innkallinga kan ikkje behandlas.

Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmene. Øvrige vedtak vert trufne med alminneleg fleirtal, med mindre noko anna føl av vedtektene.

Det skal førast ein protokoll for årsmøtet.

§6 Ordinært årsmøte

Ordinært årsmøte skal haldast i løpet av fyrste kvartal. Innkalling sendast med minst ein månads varsel til alle som er medlemmar pr. 1. januar. Sakspapir (årsmelding og rekneskapsrapport) vert medelt medlemmane på klubben si heimeside ei veke før årsmøtet.

Forslag som er ynskt behandla på årsmøtet må væra levert skriftleg til styret seinast to veker før årsmøtet. Forslag vert behandla av styret, men vert lagt fram ubeskorne for årsmøtet, eventuelt saman med styret sin kommentar.

På ordinært årsmøte behandlast:

  1. Godkjenning av dei røysteføre.
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  3. Val av møteleiar, referent og to representantar til å underskriva protokollen
  4. Årsmelding
  5. Rekneskap
  6. Innkomne forslag
  7. Fastsetje medlemskontingent
  8. Budsjett
  9. Val

§7 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret finn det nødvendig, eller minst 50% av medlemmane krev det skriftleg. Innkalling vert sendt pr. e-post til alle medlemmar med minst 14 dagars varsel.

§8 Organisasjon

Klubben leiast av et styre med 3 medlemmar som vert valt av årsmøtet for eitt år om gongen.

Styret har fylgjande samansetjing:

  • Leiar
  • Nestleiar/Kasserar
  • Skrivar

Det er eit mål å syta for kontinuitet i styrearbeidet ved at ein unngår å byte ut heile styret samstundes. Det skal i tillegg velgast ein revisor og ein valkomite beståande av to personar.

Styret er beslutningsdyktig når halvparten av styret sine medlemmar er til stades. Leiar har dobbeltstemme ved stemmelikskap.

§9 Reglementer og plikter

I tillegg til vedtektene gjeld dei til ei kvar tid fastsette reglement for klubblokale, heimeside, utstyr og anna som måtte være fastsatt av styret.

Desse reglementa vert handheva av dei som styret har utpeika som ansvarspersonar. Avgjersler skal begrunnas og meldas til styret. Årsmøtet har øvste myndigheit og kan overprøva bestemmelser satt i underordna utval i den grad dette ikkje vert håndtert av styret.

§10 Oppløysing

Oppløysing av klubben skal vedtakast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Det vert deretter avgjort ved alminneleg fleirtal korleis klubben sine aktiva skal disponerast.


Vedtektene på pdf-format.