Biletframsyning på Vaksdal Sjukeheim 21. oktober 2010

Trollkjelen fotoklubb hadde biletframsyning ved Per Ivar og Line i aktivitetsstova på Vaksdal sjukeheim den 21. oktober 2010. Framsyninga var på oppdrag frå Vaksdal kommune, eining for kultur, som ledd i "Den kulturelle spaserstokken". Temaet var årstider.

Biletframsyning Vaksdal Sjukeheim

Framsyninga gjekk veldig bra, sjølv om vi haddde kort tid til opprigging grunna snø og trafikk-kaos den dagen. Dei eldre likte bileta veldig godt, sjølv om enkelte blei litt trøtte på slutten. Line, som og jobbar på sjukeheimen, har til og med fått meir positiv tilbakemelding i ettertid når ho har vært på jobb. Dei ansatte såg og ut til å like framsyninga veldig godt.

Dette var kjekt og vi kunne tenke oss å gjere noko slikt igjen. Då ikkje nødvendigvis på sjukeheimen, men kanskje andre plassar?