Ekskursjon til Mølstertunet på Voss 23. august 2014

Odd Jøran, Line og Per Ivar tok turen til Voss Folkemuseum, Mølstertunet 23. august. Hovudmålet for turen var å sjå på utstilling av bileter tatt av fotograf Christian Herheim i tida 1945-56. Dette var bileter tå folk og stader med stor historisk verdi, tatt med datidas utstyr og teknikk. Her var og utstilt nokre tå dei storformatkamera som var nytta til å ta bileta i utstillinga. Etter dette var det tid for å sjå på den øvrige utstillinga av bruksgjenstander og reidskap. Vi avslutta med fotografering inne blant bygningane på sjølve Mølstertunet. Så bar det ned på Vangen, kor me åt lunsj på Vangen Café, og snakka foto. Det heile vart ein hyggelig tur med oppleving og sosialt samver for klubben.

Mølstertunet