Ekskursjon til kraftstasjonen på Dale

17. mars hadde vi ekskursjon til kraftstasjonen på Dale, fleire hundre meter inne i fjellet bak den gamle kraftstasjonen.

Bilde fra kraftstasjonen

Det var berre fire påmelde: Arnstein, Line, Per Ivar og Odd Jøran. Vi vart henta standsmessig av Arnstein, som og hadde ordna opplegget for turen. På Dale iførte vi oss verneutstyr før vi køyrde inn i fjellet. Det var mange spanande motiv, både i maskinhallen og i tunnelane kring. Arnstein orienterte undervegs, slik at vi ukunnige fekk litt meir innsikt i kva vi tok bilete av. Tida gjekk fort, men det vart antyda at vi kunne ta ein slik tur ved eit seinare høve og.